
4.3K
Downloads
8
Episodes
Mellom 4. og 12. november skal Høgsterett handsama klimasaka. Miljøorganisasjonar og deira støttespelarar har tapt i to instansar, men vil dei likevel vinna i siste runde? Det som står på spel er om tildelinga av nye petroleumskonsesjonar i Barentshavet er i strid med vernet om klima og miljø etter Grunnlova. I denne saka skal Høgsterett avgjera kort sterkt grunnlovsvernet for klima og miljø skal vera, korleis ein skal vurdera petroleumsutvinning sitt bidrag til global oppvarming, kor mykje omsynet til dagens velferd skal vega mot omsynet til framtidige generasjonar, og i kor stor grad Grunnlova i klimaspørsmål skal setja grenser for politikken. Filosof David Vogt og jurist Jørn Øyrehagen Sunde vil saman med deg følgja klimasaka. Kvar dag (unnateke 10.11) lagar dei ein podkastepisode om korleis saka utviklar seg i Høgsterett, og samtala med gjester om dei store spørsmåla rettssaka reiser. Gjestane er politisk redaktør Eirin Eikefjord, klimaforskar Kikki Kleiven, filosof Gunnar Skirbekk, jurist Marius Mikkel Kjølstad, statsvitar Erik Aarebrot og filosof Silje Langvatn. Klimasaka er den rettssaka der størst samfunnsverdiar har stått på spel sidan Den store konsesjonssaka i 1918.
Episodes

Tuesday Dec 22, 2020
Dommen har falle
Tuesday Dec 22, 2020
Tuesday Dec 22, 2020
Jørn og David snakkar med stortingsrepresentant Jette Christensen (Ap) og politisk redaktør Eirin Eikefjord om dommen i klimasaka.

Thursday Nov 12, 2020
Klimasaka sin legitimitet med Silje Aambø Langvatn
Thursday Nov 12, 2020
Thursday Nov 12, 2020
David og Jørn snakkar med filosof Silje Aambø Langvatn om legitimitet og klima, og avsluttar med å svare på spørsmålet: Kven vinn klimasaka?

Wednesday Nov 11, 2020
Ungdommen og klimaproblemet, med Erik Aarebrot
Wednesday Nov 11, 2020
Wednesday Nov 11, 2020
Jørn og David snakkar med lærar og statsvitar Erik Aarebrot om klimaproblemet som tema i skulen.

Wednesday Nov 11, 2020
Klimasaka, juss og politikk, med Eirin Eikefjord
Wednesday Nov 11, 2020
Wednesday Nov 11, 2020
David og Jørn snakkar med Eirin Eikefjord, politisk redaktør i Bergens Tidende og jurist, om spenninga mellom juss og politikk i klimasaka.

Tuesday Nov 10, 2020
Klima og menneskerettar med Marius Mikkel Kjølstad
Tuesday Nov 10, 2020
Tuesday Nov 10, 2020
David og Jørn snakkar med jurist Marius Mikkel Kjølstad (UiB) om klima og menneskerettar.

Tuesday Nov 10, 2020
Framtidige generasjonar, demokrati og klima med Gunnar Skirbekk
Tuesday Nov 10, 2020
Tuesday Nov 10, 2020
Jørn og David snakkar med filosof Gunnar Skirbekk om framtidige generasjonar og om klimarettens plass i demokratiet.

Monday Nov 09, 2020
Klimaproblemet. Kva for utfordringar står vi overfor? med Kikki Kleiven
Monday Nov 09, 2020
Monday Nov 09, 2020
Jørn og David møter klimaforskar Kikki Kleiven (UiB) til samtale om klimaproblemet og klimasaka.

Wednesday Oct 28, 2020
Hundreårets rettssak? Klimasaka i Høgsterett dag for dag.
Wednesday Oct 28, 2020
Wednesday Oct 28, 2020
Mellom 4. og 12. november skal Høgsterett handsama klimasaka. Miljøorganisasjonar og deira støttespelarar har tapt i to instansar, men vil dei likevel vinna i siste runde? Det som står på spel, er om tildelinga av nye petroleumskonsesjonar i Barentshavet er i strid med vernet om klima og miljø etter Grunnlova. I denne saka skal Høgsterett avgjera kort sterkt grunnlovsvernet for klima og miljø skal vera, korleis ein skal vurdera petroleumsutvinninga sitt bidrag til global oppvarming, kor mykje omsynet til dagens velferd skal vega mot omsynet til framtidige generasjonar, og i kor stor grad Grunnlova i klimaspørsmål skal setja grenser for politikken. Klimasaka er den rettssaka der størst samfunnsverdiar har stått på spel sidan Den store konsesjonssaka i 1918.
Filosof David Vogt og jurist Jørn Øyrehagen Sunde vil saman følgja klimasaka. Kvar dag (unnateke 10.11) lagar dei ein podkastepisode om korleis saka utviklar seg i Høgsterett, og samtalar med gjester om dei store spørsmåla rettssaka reiser. Gjestane er politisk redaktør Eirin Eikefjord, klimaforskar Kikki Kleiven, filosof Gunnar Skirbekk, jurist Marius Mikkel Kjølstad og statsvitar Erik Aarebrot.