
4.3K
Downloads
8
Episodes
Mellom 4. og 12. november skal Høgsterett handsama klimasaka. Miljøorganisasjonar og deira støttespelarar har tapt i to instansar, men vil dei likevel vinna i siste runde? Det som står på spel er om tildelinga av nye petroleumskonsesjonar i Barentshavet er i strid med vernet om klima og miljø etter Grunnlova. I denne saka skal Høgsterett avgjera kort sterkt grunnlovsvernet for klima og miljø skal vera, korleis ein skal vurdera petroleumsutvinning sitt bidrag til global oppvarming, kor mykje omsynet til dagens velferd skal vega mot omsynet til framtidige generasjonar, og i kor stor grad Grunnlova i klimaspørsmål skal setja grenser for politikken. Filosof David Vogt og jurist Jørn Øyrehagen Sunde vil saman med deg følgja klimasaka. Kvar dag (unnateke 10.11) lagar dei ein podkastepisode om korleis saka utviklar seg i Høgsterett, og samtala med gjester om dei store spørsmåla rettssaka reiser. Gjestane er politisk redaktør Eirin Eikefjord, klimaforskar Kikki Kleiven, filosof Gunnar Skirbekk, jurist Marius Mikkel Kjølstad, statsvitar Erik Aarebrot og filosof Silje Langvatn. Klimasaka er den rettssaka der størst samfunnsverdiar har stått på spel sidan Den store konsesjonssaka i 1918.
Episodes

Wednesday Oct 28, 2020
Hundreårets rettssak? Klimasaka i Høgsterett dag for dag.
Wednesday Oct 28, 2020
Wednesday Oct 28, 2020
Mellom 4. og 12. november skal Høgsterett handsama klimasaka. Miljøorganisasjonar og deira støttespelarar har tapt i to instansar, men vil dei likevel vinna i siste runde? Det som står på spel, er om tildelinga av nye petroleumskonsesjonar i Barentshavet er i strid med vernet om klima og miljø etter Grunnlova. I denne saka skal Høgsterett avgjera kort sterkt grunnlovsvernet for klima og miljø skal vera, korleis ein skal vurdera petroleumsutvinninga sitt bidrag til global oppvarming, kor mykje omsynet til dagens velferd skal vega mot omsynet til framtidige generasjonar, og i kor stor grad Grunnlova i klimaspørsmål skal setja grenser for politikken. Klimasaka er den rettssaka der størst samfunnsverdiar har stått på spel sidan Den store konsesjonssaka i 1918.
Filosof David Vogt og jurist Jørn Øyrehagen Sunde vil saman følgja klimasaka. Kvar dag (unnateke 10.11) lagar dei ein podkastepisode om korleis saka utviklar seg i Høgsterett, og samtalar med gjester om dei store spørsmåla rettssaka reiser. Gjestane er politisk redaktør Eirin Eikefjord, klimaforskar Kikki Kleiven, filosof Gunnar Skirbekk, jurist Marius Mikkel Kjølstad og statsvitar Erik Aarebrot.
Comments (0)
To leave or reply to comments, please download free Podbean or
No Comments
To leave or reply to comments,
please download free Podbean App.